Quantcast
Channel: PsykOpp
Viewing all articles
Browse latest Browse all 63

Barn som omsorgspersonar

$
0
0

Det er snart jul. Me er på veg inn i ei tid fylt med glede og gode opplevingar for store og små. Mange barn ser fram til ei tid med tette og gode stundar i saman med syskjen, mor, far, besteforeldre og vener.  Men…. det er ikkje alle som har desse forventningane – tvert om er det mange barn som gruar seg til jul. Dei har mogleg vonde opplevingar knytt til julen med ei mor eller far som ikkje klarer å avgrense alkoholbruken.  Sjølv om julen er barnas tid, er det ikkje alle vaksne som klarer å vise omsyn for nett dette.

Julehøgtida er og ei tid der ein del barn slit ekstra som omsorgspersonar for sine foresatte. Mange barn tek seg av mor eller far i ei epoke i livet der det naturlege ville vere tvert om. Orsaka kan vere at dei vaksne slit med rus eller psykisk sjukdom, og resultata kan vere sers alvorlege.

NRK Sørlandet fortel Martine Wennesland om opplevingar i sin oppvekst: «Jeg bli veldig sint egentlig. At det er så få voksne som tør å si ifra når de ser familier der ting er ugreit» Det er mange som henne. I Helsedirektoratets rapport, som blei lagt fram i denne veka viser fleire studier at ein stor del av barna kan få emosjonelle problemer seinare i livet.

Hertevig Forlag har tatt for seg denne problemstillinga og gitt ut boka I for store sko. I denne fortel fleire om korleis dei har opplevd oppveksten med foresette som ikkje har klart å vere den trygge og gode støtte i barneåra.  Forlaget distribuerer og filmen Mitt Solskin som viser og korleis tenåringen Elena må ta omsorg for si psykisk sjuke mor.  Det er viktig for alle som medmenneskjer å tenke spesielt på desse barna, spesielt no i juletida.

mittsolskin


Viewing all articles
Browse latest Browse all 63