Quantcast
Channel: PsykOpp
Viewing all articles
Browse latest Browse all 63

Psykisk helse i skulen 2016

$
0
0

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at det manglar ein heilskapleg strategi for å gjere kunnskap om psykisk helse til ein del av barn og unge si ålmennutdanning. Han er skeptisk til Psykologforeningen sitt framlegg for å få psykologi som fag i skulen.

Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning har sidan 1989 vore aktiv pådrivar til auka kunnskap om psykisk helse. Gjennom kursene «Hva er det med Monica?» og «Alle har en psykisk helse»  har stiftelsen systematisk styrka kompetanse innan psykisk helse for lærarar i ungdoms- og den videregåande skulen i Noreg. Sidan 1999 har heile 12.000 pedagogisk personell delteke i PsykOpp sine kurs.

Psykiatrisk Opplysning meiner det er viktig å nytte pedagogisk personell i arbeidet med å spreie meir kunnskap om psykisk helse hos ungdom. Dette er godt førebyggjande arbeid som styrkjer læringsmiljøet i skulen. Stiftelsen er oppteke av å fylgje dei endringane som skjer i samfunnet på dei økonomiske og politiske områda og kva psykososiale konsekvensar dette får for folk i landet. Endringane manifesterar seg i ein kontinuerlig revisjon av våre kurs retta mot lærarar og ungdom i skuleverket.

75% av psykiske lidingar debuterer hos mennesker under 25 år. Ein tydeleg del av desse er i videregående skulen. Antall unge derpimerte aukar og fleire unge signaliserar manglande mål, retning og mening i livet (Finn Skårderud, Schizofrenidagene nov. 2015)

I juni-nummeret av Psykoppnytt (nr. 2/2015) «Hvordan har mammaen og pappaen din det? uttaler psykologispesialist i klinisk vaksenterapi, Tea Agerup seg om heimearenaen sin innverknad på ungdommen skuleinnsats. Ho meiner dei unge sine depresjonar ofte kan knyttast til ein eller begge foreldra og oppmodar helsepersonell til å sjå heimesituasjonen som ein del av problemet for den einskilde elev. Det er viktig at vaksne naboar og vener bryr seg om dei ungdommane som slit på heimebane. Ein må våge å banke på og bry seg som medmenneske. Det er ei ålmen erkjenning av at det sosialpedagogiske arbeidet innan skuleverket er avgjerande for tryggheit,trivsel og inkludering  for elevane.

Det er PsykOpp sin intensjon å styrke kursopplegg for pedagogar, helsepersonell med eit klårt mål å nå fram til ungdomen.


Viewing all articles
Browse latest Browse all 63